Karmøy orgelkonsertar i sin andre sesong

Publisert: 28.03.2017

Om lag 150 menneske fekk med seg opninga av Karmøy orgelkonsertar helga 25.-26. mars!

Med to flotte konsertar i Falnes og Avaldsnes kyrkjer viste Kammerkoret Bocca frå Haugesund og kantor i Torvastad, Ingrid Berg Tobiassen, ein stor breidde av musikk under overskrifta Mariabilete. Dei to konsertane vart lagt til helga rundt Maria budskapsdag, og som Arve Ubøe Rohde, som ønska velkomen til konserten i Avaldsnes sa det: "Her var det mange som var begynt å gle seg til jul!"

Kammerkoret Bocca leverte korsong som varierte, rørte og kommuniserte med dei mange publikummarane på søndag. Med dei intime korstykka av Kverno og Britten, og den storslagne Magnificat av Standford for kor og orgel, viste dei stor breidde i uttrykk, sikker intonasjon, og entusiasme i formidlinga. Organist Ingrid Berg Tobiassen vakte stor begeistring, mellom anna for si tolking av Henrik Ødegaards stykke for kvinneleg syngjande organist, Der sola renn i himmelrand, og Charles Tournemires Paraphrase-Carillon som er bygd på den gregorianske hymna Ave Maris Stella. 

Konsertane i serien Karmøy orgelkonsertar vert generøst støtta av Karmøy kommune, Norsk orgelfestival (www.orgelfestival.no) og Norsk kulturråd. Neste konsert finn stad i slutten av oktober, der ein håpar å få framført Petr Ebens vidunderlege "Verdsens labyrint og hjartans paradis" for orgel og opplesar, også det i kyrkjene i Avaldsnes og Falnes. Serien har som mål å framføra orgelmusikk av høg kvalitet, som det i det daglege ikkje vert rom for å prioritera. Serien vart grunnlagd av Lars Inge Tjøstheim og Arnfinn Tobiassen.