Det er duka for ein oppleving av dei sjeldne, med repertoar som spennar frå tusen år gamle gregorianske messeledd, via fleirstemd vokalmusikk frå renessanse og barokk, til folketonar frå fylket og sjølve hovudverket: Kvalø sitt dadaistiske rekviem.
Det heile blir presentert i trioens særprega arrangement, som med bruk av elektronikk og effekter bind fortid og notid saman. Døden er eit vanskeleg tema, men i tekstane som er brukte knytast det til von og frelse, om etterlivet fri for liding. Me håper dette kan vera ei oppleving full av både undring og trøyst.
Sean Bell - kontratenor
Martin Kvalø - synthesizer, elektronikk
Eirik Fosstveit - piano, elektronikk
Avaldsnes Kyrkje, torsdag 3. november kl. 19:00
Inngong: kr. 200 - 100 (vaksen – student/born)
Billettar kan kjøpast i døra, eller på TicketCo: