Avaldsnes menighet > Vis


Åpen kirke og utstillingen "denne freden"


Utstillingen "denne freden" av Karoline blir stående hele juli i tårnfoten, og kan sees når det er åpen kirke.

Åpen kirke og utstilling

 

Tirsdager kl. 16-18

Onsdager kl. 14-16

Søndager kl. 13-15

 

Det er tradisjon under Olavsdagene for å holde kirken åpen for publikum. En rekke ganger har det også vært utstillinger av forskjellig karakter. I år har vi en utstilling med kunstneren Karoline Emmerhoff, som ble laget til tusenårsjubileet for kristenretten på Moster i juni.  Hun skriver om seg og utstillingen:

 

Biografi - Karoline Emmerhoff

Eg er oppvaksen i Sveio, i Sunnhordland. No bur eg i Haugesund. Eg har faglærar-utdanning i forming frå Telemark lærarhøgskole på Notodden, og vart oppteken som autodidakt medlem av Norske Kunsthåndverkere.

 

Eg arbeider mest i keramikk og tekstil, tett opp mot billedkunst. Å arbeide fram ei form eller ein komposisjon er ein måte å meddele meg på.  Almenne og eksistensielle tema ligg meir og meir til grunn for mitt skapande arbeid. Dei siste åra har større tverrfaglege prosjekt sett dagens lys. To eksempler på dette her:

 

Utstillinga Sinus i minus handlar og rytme og uryme i livet - i lys av kriser og unntakstilstander. Nytt håp får ein viktig plass. Tittelen henspeglar på sinusrytmen - den normale hjarterytmen. I tilknyting til utstillinga var der eit workshops program som inviterte til å delta med refleksjon og eigne opplevingar knytte til temaet. Eg laga også ein produksjon for den kulturelle skolesekken, der alle på 6.klassetrinn i Karmøyskolen deltok.

 

Krukkesong ei konsertførestelling, med utgangspunkt i krukka, starta i 2017, og var først ein del av Fartein Valen programmet. Den fortsette - og er framleis aktuell å framføre. Med Krukkesong har eg no eit samarbeid med songaren Berit Opheim.

 

Den viktigste kjelda til min kreativitet er å lytte til Gud og til meg sjølv.

 

 

denne freden

Eg arbeider mot ei separatutstilling som blir ein del av programmet til Moster 24. Utstillinga denne freden vil vise nye arbeid laga til jubileet. Veggtavler, lysestakar og krukker i keramikk.

 

For nokre år sidan deltok eg i konkurranse om ny bispekåpe til Stavanger biskop.

Mitt forslag med fredskåpa nådde ikkje opp, men no bruker eg det som var tenkt til ei bispekåpe i tekstil i ein heilt annan samanheng. Det finn si form i keramiske arbeid. Mange har delteke med sine skrift-signaturer - med eit ord som kjem frå han som ligg til grunn for Kristenretten. Han som var framsnakka fleire hundre år før sin fødsel. Eit av kjenneteikna hans var ein særskilt fred.

 

Heilt frå eg var i 13-års-alderen har eg vore tiltrekt av Jesus sine fredshelsingar. Kva er det med desse? Eit eksempel er forteljinga når Jesus viste seg for vennene sine etter han sto opp frå dei døde. Dei skremde og redde vennene hans hadde låst seg inne etter alt som hadde skjedd - i den påsken som endra alt. Men Jesus kom gjennom dei låste dørene og helsa dei «Fred vere med dykk!»

 

Små og store har fått høyre denne forteljinga, etterpå bad eg dei skrive ned ordet fred. Barn som strevar med å forme sine første bokstavar til ord - og i andre enden eldre, som med skjelvande hender framleis beherskar kunsten å skrive. Og alle oss i mellom der som så sjølvsagt skriv. Der ligg ein signatur av vår identitet i korleis vi formar skrift med hendene våre. Desse signaturane har eg«pusla» saman og overført til leira, og utforska korleis dei kunne nyttast. Eg har bygd opp handskriftene slik at dei står i relieff for å kunne pressast ned i mjuk leire, til å gi avtrykk.

 

Først fekk dei skrivne bokstavane stå nokså likt slik dei vart forma. Leire er eit svært formbart materiale som kan dras og strekkjast i før det blir tørka og brent. Det oppsto nærmast ein sårbarheit i leira ved å bli pressa og strekt til sitt ytterste, tema og materiale møttes i dette, til ein lågmælt samtale. Dei skrivne orda som sprekker opp og revnar tilfører eit perspektiv som viser at freden kan koste, og ha i seg merker etter sår og skader. Freden er ikkje alltid gratis - eller ein koseleg sak. Det kan vera blodig alvor med høge kostnader. Fred - eit særs etterlengta ord i desse dagar. I storpolitikken, men også mellom oss i langt mindre samanhengar og inni kvar og ein av oss. Vi veit kva det er å ha fred - og vi veit kva det er å ikkje ha det.

 

For å knytte fredsorda til Kristus har eg nytta symbolet Alfa og Omega, den første og siste bokstaven i det greske alfabetet - som viser til Kristus som den første og den siste. Gullet eg bruker symboliserer og det heilage.

 

Ein serie vennskapskrukker kompletterer tema i utstillinga. Korleis ser ei vennskapskrukke ut? Ja, det har eg og lurt på. Svara finn ein i utstillinga.

 

Tilbake